Nettsamfunnet for anglofon fantastisk litteratur har ein katalog over bøkar i sjangeren som har vorte forbode – det vil seie, ikkje berre fordømt og boikotta, men fjerna og gjort utilgjengelig av einkvan autoritet. Ikkje overraskande er det dei berykta skulestyra i dei Sameinte Amerikanske Statar som står for incitamentet og ein god del av oppføringane. Politikk, sex og religion er det skumlaste merrikanarane veit, sjølvklart.
Har du nokre bidrag til lista? Finst det heimlege døme på fenomenet? Og kva er det som skremmer dei sensurkåte her på bjerget?