Å jobbe for ulven

En nordmann var med på å sende første versjon av Word of Darkness i grava. Imagonem har tatt en prat med Bjørn T. Bøe.

Hva har du skrevet for White Wolf?

Eg medforfatta henhaldsvis Tribebook Get of Fenris (revised), Dark Ages Europe, Dark Ages Werewolf, Players Guide to Garou (sic), Players Guide to the Changing Breeds, og var ein av dei heldige som fekk avslutte heile Vampire: The Masquerade med eit kjempesmell, i Gehenna. Eg skreiv det eine scenariet (Nightshade), samt det fyrste kapitlet.

Har du skrevet for noen andre selskap? Hva og for hvilke?

Eg vart tilsett hjå ICE og skreiv kontrakt på tre bøker, men me vart einige om å terminere kontraktane då samarbeidet ikkje fungerte under utforminga av det fyrste manuset, som for øvrig var Creatures & Monsters til HARP (utgjeven som Monsters: A Field Guide med ein annan forfattar). Det vil ikkje seie at eg fekk sparken, vi var berre ikkje einige om arbeidsprossessen. Eg har framleis mitt manus, som er vesentleg ulikt den utgjevne boka (i mi meining mykje betre, meist fordi mi er ei anna type bok, som prøver å unngå Monstrous Manual-type krek). Elles skreiv eg ei stund White Wolf-relaterte artiklar for nocturnis.net, men der såg eg ikkje auge-til-auge med redaksjonen og gav meg.
Hvordan kom du i kontakt med selskapet?

Networking. Før i tida var Wizards of the Coast sine mailinglister staden å vere om du var hardcore. Deira WW-lister fortsatte lenge etter at Wizards vart oppkjøpt, og vi som frekventerte dei spekulerte i om Wizards i det heile teke var klar over at dei framleis eksisterte. Det var i alle fall ingen moderatorar der, for å seie det slik: flamewarane var the stuff of legends. Men «personlegdomane» bak WW-spela var hyppige bidragsytarar, m.a. Ethan Skemp (utviklar for Werewolf), Justin Achilli (tidl. utviklar for Vampire) og Jess Heinig (tidl. utviklar for Mage). Dei to sistenevnte var gjerne djupt involvert i gigantiske flamewars: Achilli hata «idiotar«, og Heinig tålte ikkje kritikk. Achilli er for øvrig også klubb-DJ (!), og Heinig programmerar, m.a. på Fallout 2. Litt trivia, der.

Eit ganske stort antall WW-forfattarar vart oppdaga her, meg inkludert. Eg meiner at også Matt McFarland, utviklar for Dark Ages og no Promethean, vart oppdaga her. For min eigen del så sørgja eg for å bidra mykje, og å, vel, vere vittig. Det hjalp visst, for når eg sende epost
til Ethan Skemp og spurde om han hadde noko til meg, så fekk eg jommen hovudansvaret å «gjenskape» dei mest kontroversielle av stammene i Werewolf. Sjølv om denne boka er den dårlegaste eg har skrive, kjenner eg likevel ein viss stoltheit når eg tenkjer på ho. Modulen eg brukte som arbeidsprøve var ein eg hadde skrive for Regncon, og handla om ein ekspedisjon til Grønnland. Anar ikkje kor den har vorten av.
Hva var det første du solgte?

Det var Get of Fenris; eg vart tilsett på eit ferdig utvikla prosjekt, eg sende ikkje inn eigenskapte produkt.

Hva fikk du betalt?

$0.03 per ord; eg hugsar ikkje kor mange ord det var, men lat oss seie at eg ikkje feira med champagne og russisk kaviar; meir First Price sjampanjebrus og Kavli kaviar…

Hvordan var arbeidsprosessen?

Hos WW jobbar utviklarane ganske detaljert, og me fekk detaljerte outlines som ein omarbeidde til sitt manus. Korkje Skemp eller Achilli var så anale på dette området, men eg veit at enkelte av dei andre utviklarane var. Skemp var veldig rund i kantane, og lot deg koke opp det du ville, medan Achilli var strengare (kommentaren på fyrsteutkastet på Night Shade til Gehenna var, «I can’t publish this!«). Det er stort sett tre «drafts«: fyrsteutkast, arbeidsutkast, og ferdig utkast. Tida mellom utkasta varierer: på Gehenna hadde eg 3 månader frå kontrakten vart skriven under til ferdig utkast skulle leverast, medan Get of Fenris tok eit år frå eg kom inn til den vart utgjeven. På Players Guide to Changing Breeds kjendest det ut som om eg hadde uendeleg med tid.

Utviklaren endrar på det han vil, utan å konsultere deg, noko som skapte nokre merkelege paragrafar i bøkene eg skreiv. Ethan Skemp endra veldig lite. Eg hugsar ikkje kven det var, men ein eller annan endra ordet «narratology» då han meinte at det ikkje var eit ekte ord. Eg er utdanna medievitar med narratologi som fordjupningsfelt, så eg var jo ikkje heilt einig når eg såg det på trykk :-)

Hjå ICE skreiv forfattaren outline sjølv, og måtte også lage lange og komplekse beskrivelsar av korleis illustrasjonane skulle sjå ut. Crazy!

Hvem eier materialet du lagde? Har du sett noe av det videreutviklet? Eksempler.

White Wolf eig alt eg skreiv for dei. Eg får ikkje ein gong royalties, men det er uvanleg at ein får i den amerikanske bransjen uansett. Eg fekk i det minste betalt, det er det heller ikkje alle som får, hos mindre selskap enn WW…

Det eg skreiv for ICE reknar eg med at eg sjølv har copyright på, sidan kontrakten vart broten.

Eg laga ei blodslinje for Vampire basert på samar til Dark Ages Europe, meist som ein intern spøk for skandinavar. Det var ein sidebar på nokre paragrafar der eg nevnte dei og poengterte at dei var uspillbare som karakterar (det var den einaste måten me fekk lov å finne på nye
blodslinjer til i Vampire og Dark Ages: me måtte gjere dei uspillbare), men då Guide to the Low Clans kom ut nokre år seinare hadde dei gjeve faenskapen to sider :-D

Eg fann også opp det vage og mytiske konseptet om «The First Pack» i Werewolf, som bestod av progenitorane til alle stammene. Dette vart snappa opp og inkorporert, tilmed i bøker som kom ut før mi gjorde. Artige greier.

Hvor hadde du base da du skrev for dem?

Bergen.

Hvordan opplevde du å jobbe for White Wolf?

Tja, du kan jo tenkje deg det; folk som ikkje speler WW sine spel har jo ikkje akkurat så mykje fint å seie til dei som gjer det. Everybody’s a critic, og meir for WW spel enn for dei fleste andre, vil eg tru. I tillegg tek utviklarane eigentleg all æra, du får ikkje royalties, og
betalinga er eigentleg meir fornærmande enn godtgjerande, i høve arbeidet ein faktisk legg ned. Men slik tenkte eg ikkje då; då var det superstas å skrive.

Har du noen tips til folk som vil jobbe for White Wolf eller andre større rollespillforlag?

Det er veldig viktig er å kjenne verda, systemet og kuriosa perfekt. Om du er sylskarp til å skrive, hjelp det ikkje om du ikkje veit noko om settinga.

-Gode skrivekunnskapar er likevel eit must: puss opp grammatikkunnskapene, og sørg for at ordforrådet ditt er tilstrekkeleg.
-Dette kan du evt. gjere ved å kopiere tekstane til ein favorittforfattar for å lære deg å skrive som den. Hunter S. Thompson skreiv av William S. Burroughs sine bøker for å lære seg å skrive: det funkar. Likevel tykkjer eg ein skal finne sin eigen stil og sitt eige uttrykk, men alle treng ein stad å byrje. Eg har sjølv ikkje gjort dette (eg har ikkje tålmod til det), men eg kjenner fleire som har.
-Sørg for at arbeidsprøven du sender ved er GOD. Mange dyktige forfattarar har fått avslag fordi arbeidsprøven ikkje er god nok.
-PRØV. Grunnen til at eg fekk jobb, var at eg faktisk sendte inn ein prøve. Greit nok visste Ethan Skemp kven eg var, men han visste ikkje at eg var ein udugeleg latsabb som aldri møtte deadlines før han hadde tilsett meg. Han tilsett meg fordi han meinte arbeidsprøva var god nok.
-Alle forlag har «Writer’s Guidelines». Les desse NØYE før du sender inn noko; det kan redde deg frå pinlige tabbar.

Hva spiller du i dag?

Nei det… Speler i ei semi-fast Forgotten Realms-gruppe, sjølv om eg var D&D-hatar i ungdommen. Det går fort, det krever ikkje mykje av spelaren, og har eit visst nostalgisk preg over seg. Merk at me er to spelarar i gruppa, og har storylines over fleirfaldige sessions av typen der me berre overlev i villmarka utan ressursar.

Vi har ein Rolemasterkampanje som pushar 15 år, som me prøver å spele MINIMUM ein gong i året, og så blir det litt Werewolf og Call of Cthulhu-speling når anleiinga byr seg. Eg korkje spelar eller les noko til WoD 2.0: korkje eg eller nokon i omgongskretsen min har sansen for denne settinga. Me klarar oss med det gamle systemet, og har nok bøker til kva det skulle vere.

Skulle ynskje eg hadde tid og anleiing til m.a. Mage, Deadlands og Shadowrun…

Hva driver du med i dag?

Eg har jobba som manusforfattar og klippar for film (kortfilm, dokumentar, musikkvideo) i 3 år, og har to regi-credits bak meg, men eg sa opp før jul og ynskjer å gå mine eigne vegar, uavhengig av produksjonsselskapet, Gerilja Film.

Akkurat no har eg flytta heim til bygda, og coolar han med å jobbe som barnehageassistent, og har lagt det kreative litt på hylla ei stund: har rett og slett gått tørr. Har fleire uferdige kort– og langfilmmanus eg BURDE jobbe med, blant anna eitt eg var i påbyrja prossess med Norsk
Filmfond med, men eg sit litt fast, kan du seie.

Kan du si litt om deg selv av typen alder, yrke, utdanning, bosted, sivil status etc.

Er 27 år, bornehageassistent med Bachelorgrad i Medievitskap med grunnfag i Kulturvitskap, bur i heimbygda mi Os utanfor Bergen (men hjartet mitt høyrer til Bergen, så det bærer nok attende dit etter denne sjølvpålagte hiatusen).

Kjenner du til andre nordmenn som har skrevet for utenlandske spillforlag?

Utanom Kristian Bjørkelo? Dag Fossmo er i allefall norsk, og det trur eg Audun Myhra Bergwitz også er? Som du godt veit var dei involvert i Shadows of Europe til Shadowrun. That’s it… Kjenner ikkje til andre. Men Stein C. Llanos, av RegnCon-fame, jobbar som spelutviklar for det nye spelet til mannen bak Hitman-spelene i Danmark. Det er vel det fancyaste eg kjenner til…

Si hva du syns!

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Stemmen fra ådalen - en blog om rollespil og historie

En blog om rollespil af Morten Greis. Fra Tryggevælde ådal en dyb klang. Elverpigernes dans. Røre i det hvide slør. Disen hyller landskabet. De gamle stammer krogede trolde.

christines rant

This is my speaker’s corner where I can rant about popular culture, geeky and general stuff that amaze or irritate me. Many things do. Irritate me, that is.

Realm of Melpomene

"I reject your reality and substitute my own!"

nordiclarp.org/

Online magazine about Nordic style larp

anyway.

"I reject your reality and substitute my own!"

Nordic Larper

Thoughts on scandinavian style live action roleplaying

Nørwegian Style

Norwegian roleplaying games in English